– Mannskapa som er ute å brøytar i området kring Førde melder i morgontimane om så kraftig snøfall at dei ikkje greier å halde ein akseptabel standard på vegane, seier operatør Idar Sangolt ved Statens vegvesens vegmeldingssentral vest.

Då Firda snakka med Sangolt om lag klokka 06:50 laurdag morgon, var alt tilgjengeleg brøytemannskap ute på vegane. Likevel greidde dei ikkje å ta unna snøen som lava ned.

Oppmodinga frå Vegvesenet er at dei vegfarande reknar seg god tid og køyrer ekstra varleg.