Fem sjåførar køyrde for fort i 40-sone

DEL

Politiet hadde laserkontroll i Angedalsvegen i Førde måndag ettermiddag.

Denne vegen har 40-sone frå Slåtten skule til NRK. Totalt vart 19 personar kontrollerte, og fem av dei måtte reise heim med eit forenkla førelegg.

Høgste fart vart målt til 54 km/t. Ifølgje Lovdata gir dette ei bot på 2100 kroner.

Artikkeltags