Her vil dei ha nytt studenthus

HiSF-studentane i Førde meiner stundenthuset deira, Akutten, er for lite. Dei ønskjer no eit større lokale, og har sjølv peika ut Sunnfjord Energi sitt bygg ved Tefrevegen som eit mogleg lokale. Frå venstre: Børge Godejord (Lokallagsleiar for NITO-studentane ved HiSF) Max-Hendrik Wathne Gelink (Fylkesrepresentant for NSF Student), Vegard Ovrid (Nestleiar i Studentsamfunnet i Førde) og Tord Holmen (Leiar i Studentsamfunnet i Førde).

HiSF-studentane i Førde meiner stundenthuset deira, Akutten, er for lite. Dei ønskjer no eit større lokale, og har sjølv peika ut Sunnfjord Energi sitt bygg ved Tefrevegen som eit mogleg lokale. Frå venstre: Børge Godejord (Lokallagsleiar for NITO-studentane ved HiSF) Max-Hendrik Wathne Gelink (Fylkesrepresentant for NSF Student), Vegard Ovrid (Nestleiar i Studentsamfunnet i Førde) og Tord Holmen (Leiar i Studentsamfunnet i Førde). Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Førde-studentar meiner dei har for liten plass.

DEL

Høgskulestudentane i Førde sitt arrangementlokale «Akutten» er for lite.

Det meiner studentorganisasjonane i Førde, som har sendt eit brev til Høgskulen der dei peikar på eit sterkt behov for å få på plass eit nytt lokale.

Les også: Suksess for ny SuperVeka-satsing

– Det er rett og slett fordi at lokala ikkje er store nok til å fylle kravet vi har om at alle skal få vere med. No er vi nede i om lag ein sjettedel, og det skaper mistrivsel, seier leiar i Studentsamfunnet i Førde, Tord Holmen.

Nær 700 studentar, plass til 120

Stappfulle lokale på Akutten.

Stappfulle lokale på Akutten. Foto:

Han peikar på at brannforskriftene på Akutten tillet 120 personar i lokalet. Til samanlikning er studenttalet ved høgskulen mellom 650 og 700.

Les også: Lokka hit av miljøet

– Det seier det meste, seier Holmen, som legg til at Høgskulen også truleg får på plass ei ny byggingeniørlinje til neste haust, og med den endå fleire studentar.

Les også: Høgskulen får utdanne bygg- og anleggsingeniørar  og Trur på nok søkarar til ny bygg- og anleggsingeniør-linje

– I tillegg har akutten også lokale gjestar, seier leiaren.

Kjenner seg forbigått av Sogndal

Holmen fortel at studentane over lang tid har prøvd å signalisere behovet for Høgskulen, men at dei blir møtt med at dette ligg i framtidsplanane.

Studentleiaren fortel at han reagerer på at Sogndal sitt studentlokale «Meieriet» skal få nye lokale medan Førde som studentplass blir nedprioritert, noko studentforeiningane også påpeikar i brevet til høgskulen.

– Slik vi opplever det, er behovet større i Førde, seier Holmen.

Vil ha nytt lokale

No er studentane si oppfordring klar: Dei ønskjer at det blir bygd eller leigd eit nytt studenthus i nærområdet til campus.

I brevet blir det vidare peika på at institusjonen treng fleire kontorlokale, og at dersom eit nytt studenthus kjem på plass, så vil Akutten sine lokale kunne fylle dette behovet.

Eit alternativ studentane sjølv har peika ut, er Sunnfjord Energi sitt lokale på Tefre.

– Vi ser dette som eit godt tilrettelagt nært campus, og som eit godt lokale, seier Holmen.

Han understrekar at dei ikkje har vore i dialog med Sunnfjord Energi om bygget, og at det mest er eit bygg som signaliserer i kva retning studentane tenkjer.

– Men det er eit bygg vi godt kunne tenkt oss, legg han til.

Det er Vegard Ovrid (nestleiar i Studentsamfunnet i Førde), Børge Godejord (Lokallagsleiar for NITO-studentane ved HiSF) og Max-Hendrik Wathne Gelink (Fylkesrepresentant NSF Student) samde i.

Sunnfjord Energi-bygget, som tidlegare var brukt som ambulansesentral.

Sunnfjord Energi-bygget, som tidlegare var brukt som ambulansesentral. Foto:

– Dette bygget er ideelt. Her har ein moglegheit for parkering, kontor og backstageområde, seier Wathne Gelink.

Høgskulen: – Vi forstår studentane

Dekan ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Randi Skår fortel at dei forstår studentane sitt engasjement.

– Vi har fått brevet og vore i samtalar med studentane, og har avtalt eit møte i neste veke, seier Skår.

Ho fortel at det er Studentskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF) som driftar studentane sine lokale og andre velferdstiltak.

I samband med større arrangement har derimot studentane måtte låne lokale frå høgskulen, noko som framover blir vanskelegare, ettersom at scena i festsalen vil forsvinne når ein etter planen skal byggje større auditorium på skulen.

Dermed ser også høgskulen behovet for meir plass for studentane.

– Vi har tenkt at her bør også kommunen komme på bana, for å ha moglegheit for å synleggjere betre at vi er ein studentby, seier Skår.

Ho synest det er flott at studentane engasjerer seg for å ivareta studentmiljøet i Førde, og lovar at dei skal vere lydhøyre i denne saka.

Om Sunnfjord Energi-bygget blir den nye «Akutten» står derimot att å sjå.

Skår meiner at det er noko ein må sjå vidare på etter møtet med studentane, på same måte som kommunen.

– Når vi har hatt møtet med studentane og høyrt deira ønskjer, så ser vi for oss at vi koblar inn kommunen, seier ho.

Artikkeltags