Vann pris for godt språkarbeid

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner og direktør i Lotteri- og stiftingstilsynet, Atle Hamar.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner og direktør i Lotteri- og stiftingstilsynet, Atle Hamar. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Lotteri- og stiftingstilsynet er vinnar av Statens klarspråkpris 2015.

DEL

Prisen vart delt ut av Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i Oslo torsdag morgon.

– Tilsynet har eit enkelt, tydeleg og djervt mål. Alt det dei tilsette skriv skal bli forstått av mottakarane på fyrste forsøk. Målet bør inspirere alle tilsette i staten, seier Sanner i ei pressemelding.

Juryen framhevar den innsatsen prisvinnaren har gjort for å måle resultata av klarspråksarbeidet. Interne målingar viser at brukarane ringjer sjeldnare og sender færre e-postar. Dette sparar dei tilsette for over 1000 arbeidstimar, heiter det i grunngjevinga.

- Dersom staten og kommunar skriv enkelt og forståeleg slepp innbyggjarane irritasjon og bry med å ringje for å få hjelp, og verksemdene frigjer ressursar til dei viktige oppgåvene. Difor er klarspråk så viktig i arbeidet med å forbetre offentleg sektor, seier Sanner, som delte ut prisen.

Ein av tre innbyggjarar har problem med å forstå tekstar frå det offentlege. Klarspråksprisen skal styrkje arbeidet med klart språk i staten. Prisen går til statlege forvaltningsorgan og helseføretak som har gjort ein ekstraordinær innsats med å få tekstar på nett og papir forståelege og lesarvenlege.

Artikkeltags