Her blir Vidsyn ein realitet

VILL IDÉ: Odd Erik Gullaksen, Christina Kvamme og John Helge Lunde tok imot 750.000 kroner på vegner av Stiftinga Bystien frå Sparebanken Vest ved Tore Dvergsdal. Foto: Frode Grimelid
FØRDE: Ein stor bit av finansieringa er kommen på plass.
– Det er alltid krevjande å skaffe midlar til eit slik prosjekt, men vi håpar og trur at det finst aktørar med stort engasjement for Førde og innbyggarane, slik at det lar seg gjennomføre, sa John Helge Lunde til Firda i starten av desember.
Då var han intervjua om utkikspunktet Vidsyn, som skal plasserast på toppen av bystien til Hafstadfjellet.
Under opninga av Sparebanken Vest sine nye lokale i Førde, nytta banken høvet til å grave djupt i lommen for å støtte Førde sin nye attraksjon.
– Bystien er eit veldig bra prosjekt, som har gått frå ein vill idé til å bli det den er blitt. Vi ønsker ei ferdigstilling av Vidsyn, sa Tore Dvergsdal i Sparebanken Vest, og fann fram ein sjekk til ein verdi av 750.000 kroner.
Det er halvparten, om ikkje meir, av det som trengst for å realisere prosjektet.
– Dette er fantastisk, og langt meir enn ein byrjing. No blir det realisert, sa John Helge Lunde som tok imot gåva på vegner av Stiftinga Bystien saman med Odd Erik Gullaksen og Christina Kvamme.
I tillegg delte banken ut 100.000 kroner til Sogn og Fjordane turlag, som jobbar med eit prosjekt for at fleire skal komme seg på topptur.