Trafikkulykke i Hyen – førar sendt til legevakta

DEL

Ein bil har køyrd av vegen på fylkesveg 615 ved Holme i Hyen, melder politiet i Sogn og Fjordane klokka 17.30 fredag ettermiddag.

Føraren av bilen var ein mann i 80-åra, som er sendt til legevakta i Førde med ambulanse. Mannen var åleine i bilen, og skal ha fått kuttskadar i hovudet etter ulykka. Politiet er på staden.

Artikkeltags