Samlar inn helsingar til Oddvar Torsheim

Oddvar Torsheim

Oddvar Torsheim Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Kunstnaren Oddvar Torsheim fyller 80 år 2. november i år. No tek forlaget Skald i mot gratulasjonar til jubileumsboka hans.

DEL

– Torsheim er kjend for sin humoristiske og samfunnskritiske strek, seier forleggar Lars Nes.

Boka er skriven av den erfarne kunstkritikaren Lars Elton og vert lansert på sjølvaste fødselsdagen til Torsheim.

Heilt sida studietida har han vore ein samfunnsengasjert kunstnar oppteken av miljøvern, politikk, kjønnsroller og livssyn. I over 50 års aktivitet har Torsheim formidla motsetnadar mellom by og bygd, kvinne og mann, natur og teknologi.

- Oddvar Torsheim er ein sentral og kjær kunstnar både lokalt og nasjonalt. Frå bustaden sin i Førde har han skildra den vestlandske mentaliteten med vidd og humor. Kunstnarskapet ber preg av surrealisme og ei (u) anstendig frekkheit. Torsheim sitt samfunnsengasjement har resultert i ein omfattande produksjon av måleri, grafikk og teikning, skriv Skald i ei pressemelding.

Boka blir rikt illustrert og vert gitt ut i samarbeid med Kunstmusea i Sogn og Fjordane. Alle som førehandskjøper boka innan 1. september kan få namnet sitt med i gratulasjonslista.

Les meir her.

Artikkeltags