Kai Aage Pedersen er ny redaktør i Firda: – Eg har sakna å skrive

FRÅ NRK TIL FIRDA: Kai Aage Pedersen byrjar i redaktørjobben 1. desember. Pedersen er i dag regionredaktør på Vestlandet i NRK.

FRÅ NRK TIL FIRDA: Kai Aage Pedersen byrjar i redaktørjobben 1. desember. Pedersen er i dag regionredaktør på Vestlandet i NRK. Foto:

FØRDE: Kai Aage Pedersen (53) er tilsett som ansvarleg redaktør i Firda. Han gler seg til å bli ein synleg redaktør både i lokalsamfunnet og i avisa.

DEL

Etter ei årrekke i leiarstillingar i NRK-systemet har Kai Aage Pedersen klødd etter å plukke opp pennen, og å utøve journalistfaget att. Ein skrivande redaktør er difor det han lovar å vere, når det no er klart at 53-åringen blir Firda sin nye ansvarlege redaktør.

– Eg har sakna journalist-biten, og eg gler meg til å byrje å skrive att. Eg vil vere ein synleg redaktør både i Firda og for publikum med ein gong, seier Pedersen til Firda.

Startar 1.desember

At Pedersen fekk jobben vart klart under ei orientering for dei tilsette på avishuset onsdag morgon.

53-åringen starta si leiarkarriere som redaktør i Sogn Avis. Han har vidare vore distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane i to periodar og utviklingssjef i distriktsdivisjonen i NRK med ansvar for mobil og nett.

Pedersen er i dag regionredaktør på Vestlandet i NRK, og byrjar i redaktørjobben i Firda 1. desember. Han tek då over for Marie Havnen, som har vore konstituert redaktør sidan Yngve Årdal gjekk av i mars i år.

Går til konkurrenten

Pedersen kjem opphavleg frå Sogndal, men bur i Førde. Dei siste to og eit halvt åra har han pendla mykje til og frå Bergen, og i stor grad vore på reisefot i jobben.

– Eg bur i Førde og har nesten alltid budd der. Førde og i Sogn og Fjordane har alltid stått hjartet mitt nære, og det er ei stor glede å vite at eg no skal jobbe tett på det lokalsamfunnet eg bur i, seier den kommande redaktøren.

Firda kjenner godt til Pedersen frå dei to periodane han var distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane – Firdas største konkurrent om å vere først ute med lokale nyheiter.

– Korleis blir det å no gå frå NRK, til å bli redaktør hos konkurrenten?

– Det blir jo spennande, og eg trur i grunn at konkurranse er sunt. NRK vart jo betre og skjerpa av framveksten av TV2, og det at NRK er gode er med på å skjerpe Firda – og omvendt, seier Pedersen.

Pedersen vedgår at å forlate NRK etter så mange år har ein del sorg i seg, men han er snar å legge til at det ikkje var ei vanskeleg avgjerd å ta då han fekk tilbod om stillinga.

Førsteval på mobil

Pedersen synest det er spennande å vende tilbake til eit avishus. Med historikken til Firda er han oppteken av at papiravisa framleis er eit viktig produkt for lesarane, og at papiravisa skal vere god også i framtida.

SYNLEG: Pedersen har som mål å vere ein synleg redaktør, både i Firda og i lokalsamfunnet.

SYNLEG: Pedersen har som mål å vere ein synleg redaktør, både i Firda og i lokalsamfunnet. Foto:

Samtidig er han ikkje i tvil om kvar hovudoppgåva ligg, nemleg i digital vekst. Pedersen peikar særleg på mobilen som eit kjerneområde.

– Firda på mobil skal vere førstevalet til alle i dekningsområdet kvar einaste dag, seier Pedersen.

– Det må bety noko når det kjem frå ein som har fartstid som utviklingssjef med ansvar for mobil og nett i NRK?

– Eg trur det er plattforma der konkurransen skal stå. Det er dei yngre vi i større grad skal gi eit betre produkt, og vi skal utvikle journalistikken som når folk på mobil, og som folk er villige til å betale for, seier Pedersen.

Styreleiar: – Ei drivande kraft for Firda

Styreleiar i Firda, Morten Nilsen, er svært nøgd med å få ein så erfaren leiar som Pedersen med på laget, som attpåtil har ei sterk lokal forankring.

– Kai Aage Pedersen er ein erfaren og profilert journalist og redaktør, som har brei leiarkompetanse både frå avis og NRK, med digitale medium og frå endringsprosessar. Vi er trygge på at Kai Aage vil vere ei drivande kraft i den vidare utviklinga av Firda som den leiande medieverksemda i Sogn og Fjordane, seier Nilsen.

Han ser Pedersen som ein visjonær og ambisiøs leiar, og fortel at han som redaktør vil få som oppgåve å stake ut vegen vidare for Firda.

Artikkeltags