Ingen promille bak rattet i natt

Ingen promille gjaldt nok først og fremst sjåførane som var ute i natt.

DEL

Politiet heldt to promillekontrollar i Førde fredag kveld og natt til laurdag.

51 sjåførar vart kontrollerte i den første kontrollen klokka 22.50 fredag, utan utslag.

Også klokka 01.39 natt til søndag melde politiet i Sogn og Fjordane at dei hadde hatt promillekontroll, og heller ikkje her vart det utslag. Det var då 31 førarar som vart kontrollerte.

Det var likevel ikkje alle som oppførte seg like eksemplarisk i natt, og klokka 02.45 i natt kunne politiet melde at ein person i Måløy kunne vente seg ei rekning frå politiet etter å ha urinert på offentleg stad.

Artikkeltags