Desse elevane skal konkurrere om å bli Norges beste seljarar

SPENTE: Desse fire elevane frå salslinja på Mo og Øyrane vgs. skal delta i skule-NM i yrkesfag denne veka. F.v. Elisabeth Knutsen Solhaug, Camilla Tuften Rivedal, Jenny Steinsund, Markus Masdal Holme.

SPENTE: Desse fire elevane frå salslinja på Mo og Øyrane vgs. skal delta i skule-NM i yrkesfag denne veka. F.v. Elisabeth Knutsen Solhaug, Camilla Tuften Rivedal, Jenny Steinsund, Markus Masdal Holme. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FYLKET: Til saman 14 vidaregåandeelevar i fylket skal delta i skule-NM i yrkesfag.

DEL

– Vi skal lage ei utstilling med nokre produkt vi får tildelt, så skal vi prøve å selje dei til dommarane, forklarar Jenny Steinsund (18). Ho er ein av fire elevar frå salslinja på Mo og Øyrane vgs., som skal til Trondheim torsdag 27. april for å konkurrere i skule-NM for yrkesfag.

Ho skal ha med seg Camilla Tuften Rivedal (18) på laget sitt, og dei to skal mellom anna skal konkurrere mot klassekameratane Markus Masdal Holme (18) og Elisabeth Knutsen Solhaug (18), som også er på lag.

Deltok i fylkeskonkurranse

For å komme til den landsdekkande konkurransen deltok dei fire elevane først i ein fylkeskonkurranse for Sogn og Fjordane. Her var alle på same laget. Oppgåva var av same type som dei kjem til å få i NM. Elevane skulle lage ei utstilling med varer frå Sport Outlet på skywalken på Amfi Førde, for så å overtale sensorane til å kjøpe.

– Alle laga hadde gode utstillingar, så eg trur nok det var salssamtalen vi vann på. Vi er ivrige seljarar, fortel Solhaug.

Her vann dei over to lag frå Florø, og eit anna lag frå Førde.

– Vi tek det på strak arm

– Har de ein strategi på korleis de skal løyse oppgåva de får?

– Vi må nesten berre sjå det litt an når vi får oppgåva, seier Holme.

– Vi er så flinke at vi tek det på strak arm uansett!, smiler Steinsund.

Solhaug fortel at dei har hatt mykje teori i marknadsføringsfaget.

– Vi kan nokre triks når det kjem til blikkfang og fargeval, fortel ho.

Vert sendt på TV

Det skal vere direktesending frå konkurransen. Hilde Hummelvoll skal vere programleiar i Oslo, med utegåande fotografar og reporterar på dei ulike konkurransestadane i landet.

– Det er kjekt at folk heime kan følge med. Og så kan kanskje førsteklassingane lære noko, for neste år er det deira tur, seier Steinsund.

– Men det vert jo også litt større press på oss, når vi veit at mange ser på medan vi arbeider, meiner Solhaug.

Utgjer to av ti lag

Til saman skal ti lag frå salslinjer i landet delta, elevane frå Mo og Øyrane utgjer to av desse.

– Så vi håpar jo i det minste å komme blant topp ti, ler Holme.

Steinsund har litt høgare ambisjonar.

– Det hadde vore kjekt å bli blant dei tre beste, men vi får sjå! Vi reknar med det er ganske høgt nivå sidan det er norgesmeisterskap. Men kjekt og lærerikt trur eg det vert uansett.

Dei fire elevane skal ha med seg resten av klassekameratane som heiagjeng, og tysdagskveld tek dei nattbussen til Trondheim.

– Vi er jo berre åtte elevar til saman, så det er ikkje store heiagjengen. Men vi tek det vi får, ler Solhaug.

Alle deltakarane i skule-NM i yrkesfag frå Sogn og Fjordane

Eid vgs.:

  • Jonas Hamre, sveising
  • Ingar Hjelle, automatisering
  • Thomas Sundal, elektrikarfaget
  • Aleksander Taraldset, elektrikarfaget
  • Ole-Kristian Frisild Vedvik, automatisering

Flora vgs.:

  • Lasse Midtbø, industrimekanikar

Mo og Øyrane vgs.:

  • Tobias Bueie, manuell maskinering
  • Jørgen Hage Lambrechts, tømrarfaget
  • Markus Masdal Holme, salsfaget
  • Camilla Tuften Rivedal, salsfaget
  • Elisabeth Knutsen Solhaug, salsfaget
  • Jenny Steinsund, salsfaget

Måløy vgs.:

  • Marion Grotle Eikeset, helsefagarbeidar
  • Iselin Malene Olsen, helsefagarbeidar

Artikkeltags