Må utsette Kalsetrennet

BLIR UTSETT: For at det skal bli noko av årets Kalsetrenn, må det komme meir snø.

BLIR UTSETT: For at det skal bli noko av årets Kalsetrenn, må det komme meir snø. Foto:

På grunn av lite snø, er Kalsetrennet utsett.

DEL

Mildvêret skapar problem for planlagde skirenn i Sunnfjord. Torsdag skreiv Firda om at snømangel gjer at det spøker for Junior-NM i slalåm på Jølster 9.–10. mars.

No melder arrangør Førde IL Langrenn at Kalsetrennet, som skulle gå søndag 24. februar, blir utsett.

– Årsaka er dei rådande snø- og løypeforholda, som ein konsekvens av regn og vedvarande mildvêr den siste veka, opplyser Arne Helgheim i Førde IL Langrenn.

Rennet er no utsett på ubestemt tid, men aktuelle datoar er 10., 17. eller 24. mars. Ny dato vil bli varsla straks forholda tilseier at arrangementet er praktisk gjennomførbart. Ein føresetnad for det, er at det kjem meir snø.


Artikkeltags