Over 30 prosent nedgang i konkursar

FÆRRE KONKURSAR: Årsmeldinga til Fjordane tingrett syner at det vart opna konkurs i 58 saker, noko som er ein nedgong på 32 prosent frå året før.

FÆRRE KONKURSAR: Årsmeldinga til Fjordane tingrett syner at det vart opna konkurs i 58 saker, noko som er ein nedgong på 32 prosent frå året før. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

TINGRETTEN: Det vart opna konkurs i 58 saker i 2016. Dette er 30 færre enn året før.

DEL

Årsmeldinga til tingrettane i Sogn og Fjordane vart publisert torsdag.

Den viser at det kom inn 117 krav om konkurs/tvangsavvikling til tingrettane i Sogn og Fjordane. Dette er likt frå året før. Det vart opna konkurs i 58 saker, medan tilsvarande tal var 86 for 2015. Dette er ein nedgang på 32 prosent, som er den største prosentvise nedgangen av alle fylke i landet.

Det kom også inn 375 krav om tvangssal, mot 306 året før.

– Mange av krava som kjem inn vert trekte. I 2016 vart det gjennomført 18 tvangssal, mot 31 i 2015. I desse tala ligg både tvangssal på fast eigedom og burettsandelar, står det i årsmeldinga.

Les også: Lavik Auto Senter AS er konkurs

Auke i vigslar

Det vart gjennomført 22 fleire vigslar i fjor enn i 2015. Totalt 117 ekteskap vart inngått i tingrettane i fylket - dette er ei auke på 23 prosent.

Likevel er det færre enn landet under eitt. Landssnittet er på 1,51 pr. 1000 innbyggjar mot 1,09 i Sogn og Fjordane.

Les også:

Nedgang i foreldretvistar

Tingrettane i Sogn og Fjordane ligg godt under landsgjennomsnittet både for straffesaker og sivile tvistesaker. For saker etter barnelova ligg domstolane om lag på landssnittet.

I 2016 kom det inn 114 krav om fengslingar til tingrettane i fylket. Talet for 2015 var 92 krav. Vidare vart det også sagt dom i 156 tilståingssaker, der tilsvarande tal året før var 164. Dette er ein nedgang på nesten 5 prosent.

Som i landet elles utgjer foreldretvistsakene ein stor del av dei sivile tvistesakene i fylket (22 prosent). Det same gjeld saker om prøving av tvangsinngrep (16 prosent). Dette er saker etter barnelova og saker etter lov om psykisk helsevern.

Tingrettane i Sogn og Fjordane hadde 0,43 foreldretvissaker pr. 1000 innbyggjar. Det er 12 prosent under landssnittet.

Artikkeltags