Har du brunt vatn i springen i dag? Dette er årsaka

Ifølgje kommunen skuldast misfarginga arbeid på hovudvassleidninga.

DEL

– Det er ikkje farleg å drikke, men lat det renne til det blir klart.

Det skriv Førde kommune på eigne heimesider onsdag, etter fleire meldingar frå folk som seier at vatnet i springen er brunt.

– Grunnen til misfarginga er arbeid på hovudvassleidninga. Vi beklagar dette, opplyser kommunen.

Vidar Solhaug på teknisk drift fortel at han har fått fleire telefonar frå folk denne føremiddagen.

– Vi hadde arbeid på leidningen i natt, men grunna eit straumbrot gjorde det til at det kom litt for mykje vatn gjennom røyra då vi skrudde det på att. Det førde igjen til at humus, som ligg i røyra, følgde med. Det set farge på vatnet, men det er ikkje farleg, forklarar Solhaug.

Dei abonnentane som brukte vatn i det tidsrommet fekk difor brunt vatn i springen.

– Vi varsla ikkje heile Førde om arbeidet fordi det ikkje kom til å råke meir enn ei lita gruppe, men grunna straumbrotet spreidde det seg. Det var eit hendeleg uhell, seier Solhaug.

Klokka 13.00 skal det meste ha gitt seg, men om vatnet framleis er brunt anbefaler han dette.

– Set på kaldt vatn og lat det renne til det blir blankt. Ved å bruke kaldt vatn unngår du at misfarginga spreier seg til varmtvasstanken.

Artikkeltags