Hadde for mange gjenstandar i frontruta. Fekk 2800 kroner i bot

For tredje gongen vart føraren stoppa på trafikkontroll med sikthindrande gjenstandar i frontruta.

DEL

På torsdag hadde Statens vegvesen trafikkontroll på Førde Trafikkstasjon ved E39. Kontrollen var i samarbeid med politiet.

Totalt var 78 køyretøy innom kontrollplassen og av dei blei 13 kontrollert nærare.

Tatt for tredje gong

Eitt utanlandsk køyretøy vart beordra til kontrollplassen for nærare kontroll av politiet. Føraren fekk bruksforbod og eitt forenkla førelegg på 2800 kroner av politiet fordi han hadde gjenstandar i frontruta som hindra sikta. Dette var tredje gongen førar vart stoppa med sikthindrande gjenstandar i frontruta.

Føraren fekk i tillegg 500 kroner i gebyr for manglande dokument og åtvaring for brot på bestemmingane om køyre- og kviletid.

Avdelingsingeniør ved Statens vegvesen, Svein Ove Salt, fortel at det har vore tilfelle der fotgjengarar har blitt nedkøyrt og drepen i Norge på grunn av sikthindrande gjenstandar i frontruta.

– Bruk av bord i frontruta har hamna i rettssak heilt opp til høgsterett. Retten uttalte at det overhovudet ikkje var tillate å ha gjenstandar i siktsona i bil. Det var i samband med at ein fotgjengar vart nedkøyrt og omkom.

Det er forskjellige ting lastebilsjåførane har i frontruta.

– I hovudsak er det ofte store bord, som dei monterer oppå dashbordet, slik at dei heva siktsona frå førarsetet. Det som er framfor bilen ser dei ikkje. Andre ting er flaggvimplar, pyntegjenstandar, bamsar. «You name it».

Tok registreringsskilta

Eit køyretøy fekk registreringsskilta inndregne på grunn av manglande periodisk køyrekontroll. Ein annan fekk skriftleg mangel på bremsane. Skriftleg mangel fekk også eit anna køyretøy på grunn av stor sprekk i frontruta, i tillegg til ein tilhengar som hadde manglande lys.

Artikkeltags