Folk finn ikkje vegen til bryllaup og gravferder

SLIT MED Å FINNE VEGEN: Å finne kyrkja kan vere vanskeleg for folk som ikkje er kjent i Førde. No ønskjer Bernhard Øberg å få skilting.

SLIT MED Å FINNE VEGEN: Å finne kyrkja kan vere vanskeleg for folk som ikkje er kjent i Førde. No ønskjer Bernhard Øberg å få skilting.

Fleire tilreisande slit med å finne fram. No vil kommunen gjere noko med problemet.

DEL

Folk som ikkje er kjent i Førde slit med å finne fram til kyrkja i Sunnfjord-byen.

No vil kommunen sette opp skilt fleire stader for hjelpe slik at tilreisande til bryllaup, gravferder og konfirmasjonar finn kyrkja lettare.

Kommunen søkjer Statens vegvesen om å sette opp skilt ved E39 ved avkøyringa til Langebruvegen og på skilttavla ved Sparebanken Sogn og Fjordane.

Bernhard Øberg, leiar teknisk drift i kommunen, vil også ha skilt ved Kunstmuseumet.

Artikkeltags