Eit vogntog fekk 42 000 kroner i gebyr for overlast. Sjåføren hadde heller ikkje alt på det tørre og blir meld til politiet

DEL

Statens vegvesen hadde fredag kontroll på E39 ved Førde trafikkstasjon. Der fann dei litt av kvart som ikkje var som det skulle då dei kontrollerte større køyretøy.

Verste eksempelet var eit vogntog som var kraftig overlasta. Transportøren fekk eit gebyr for overlast på heile 42 000 kroner. Men det var ikkje berre det som var gale. Sjåføren hadde ikkje sikra lasta skikkeleg, og blir meld til politiet for det.

Same vogntoget hadde også ein bøygd 1.-aksel på semitilhengaren, noko som førte til at ikkje fekk lov å køyre vidare med last som fører til senka aksel.

Mange skriftlege åtvaringar

Mange vogntogførarar fekk skriftlege varslar av ulikt slag. Ein hadde brote køyre- og kviletidsreglane. Hos ein annan var det uklare tilhøve kring eigarskifte, og hos ein tredje var det kluss med leigeavtalen mellom bileigar og transportør.

Eitt vogntog hadde tekniske feil ved dekka, fire vogntog hadde ikkje god nok lastesikring, og ein av dei hadde ein tung skøyreslange liggande laust i eit ventilskap.

Flott beltebruk

Under kontrollen fredag vart også passasjerane i tre bussar sjekka for bruk av belte. Det hadde alle på seg, det melder Statens vegvesen at dei er godt nøgde med.

Også vef Lefdal i Nordfjord hadde Statens vegvesen kontroll fredag. Dei sjekka beltebruk om bord på fire bussar. Her vart det skrive ut gebyr til to av passasjerane.

Artikkeltags