20.000 kroner i gebyr for feil på bremser

Ein transportør fekk søndag kveld eit gebyr på 20.900 kroner for overlast og feil på bremsene.

DEL

Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding, etter kontrollar på Førde trafikkstasjon på Sanderplassen og ved Lavik ferjekai.

Til saman 17 køyretøy vart kontrollerte. Ni av dei fekk bruksforbod og for tre av dei var feila så grove at dei vert melde til politiet.

Feil på bremsesystem

Ein transportør fekk overlastgebyr på 20.900 kroner og bruksforbod på vogntoget då trekkvogna hadde skade på luftfjøringa og semitilhengaren hadde feil på både ABS (blokkeringsfritt bremsesystem) og EBS (elektronisk bremsesystem), noko som gjer køyretøyet potensielt trafikkfarleg.   

Farleg gods var ikkje merka

Ein avsendar av farleg gods vart meld då eit køyretøy med ti tonn farleg gods ikkje hadde UN-merking eller faresetlar på kolliet.

Ein personbilførar vart meld då verken trekkande køyretøy eller tilhengar hadde bremselys.

Minibuss fekk bruksforbod

Ein minibuss mangla løyvedokument for persontransport og fekk bruksforbod. Denne fekk òg bruksforbod for brot på reglane for køyre- og kviletid. Minibussen mangla kalibrert fartsskrivar, noko som også fører til at transportør vert meld til politiet, går det fram av pressemeldinga frå Statens vegvesen.

Artikkeltags