Klokka 09 søndag morgon starta nytt søk med friskt mannskap frå politiet, Norske Redningshunder, Sivilforsvaret og Røde Kors.

Dei skal leite i Førde sentrum denne søndagen.

– Vi har vitneobservasjonar frå folk som såg kvinna forlate kjøpesenteret i retning mot Øyrane, seier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue ved Vest politidistrikt.

Politiet ber dei som kan ha informasjon om å ringe 02800.

Leiteaksjonen denne søndagen begynte difor på Øyrane, der mannskapet saumfarer rom etter rom. 

Den sakna kvinna er Jorunn Molnes (82). Ho blei meldt sakna fredag kveld. Ho er ca. 150 cm høg, har kvitt hår og går med genser, skaut og skjørt.

Elles blir det sett i gang søk i elva med Røde Kors si elvegruppe, overflatesøk i vatnet og strandssøk. Politiet filmar også med drone over elva .

– Det er full rulle, og vi gjer det vi kan for å finne ho, seier operasjonsleiaren.

Han seier politiet tar utangspunkt i siste observasjon av kvinna, altså på Elvetorget. Deretter lagar dei seg ein større og større geografisk sirkel over kor ho kan vere.