Slik blir russen døypt på Mo og Øyrane

KALDT: Fritdjov Urdal storkoste seg med å skvette vatn på elevane Amalie Sjåstad, Eline Alden, Kamilla Strømmen, Rita Førde og Julie Tonning under russedåpen.

KALDT: Fritdjov Urdal storkoste seg med å skvette vatn på elevane Amalie Sjåstad, Eline Alden, Kamilla Strømmen, Rita Førde og Julie Tonning under russedåpen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Viss du observerte ein kjortelkledd Fridtjov Urdal med dokost i handa på veg mot Mo og Øyrane vgs., finst det ei naturleg forklaring.

DEL

– Det var kaldt. Veldig kaldt.

Det seier Amalie Sjåstad (17) og venninnene hennar. Denne torsdagen gjekk dei gjennom det som kanskje er tidenes mest merkverdige dåpsritual ved Øyrane-avdelinga i Førde.

Den årlege russedåpen skulle haldast, og tradisjonen tru skulle kunstnar og lokalkjendis Fridtjov Urdal skvette vatn på russen med dokosten sin.

Legg til «firdaung» på Snapchat for å sjå endå meir.

Skil seg ut med edru russedåp

I motsetning til mange vidaregåande skular, var russedåpen gjort edru. Slik har det vore på Mo og Øyrane vgs. i mange år, og ikkje utan grunn.

– Eg begynte å jobbe på skulen her i 2000 og var invitert på russedåpen det året. Då vi kom bort til dåpen, som var arrangert som eit skumparty, var russen dritfulle og halvparten hadde ikkje komme seg frå vorspiel. Då tenkte eg berre «dette går ikkje», seier miljøkoordinator Tove Nedrebø.

KJEKT PÅ JOBB: Fridtjov Urdal tok fram russen gruppevis, las høgrøysta opp kallenamna dei hadde gitt seg sjølve og skvetta vatn på dei.

KJEKT PÅ JOBB: Fridtjov Urdal tok fram russen gruppevis, las høgrøysta opp kallenamna dei hadde gitt seg sjølve og skvetta vatn på dei. Foto:

Ho og rektoren den gongen blei einige om å ta dåpen på skulen i edru tilstand med middagsservering, utan ekle ritual og med Fridtjov Urdal som prest. Slik har dåpen vore sidan.

Den nydøypte jentegjengen synest det er bra at dåpen var edru.

JENTENE: Amalie Sjåstad (17), Eline Alden (17), Kamilla Strømmen (18), Rita Førde (17) og Julie Tonning (17).

JENTENE: Amalie Sjåstad (17), Eline Alden (17), Kamilla Strømmen (18), Rita Førde (17) og Julie Tonning (17). Foto:

– Vi synest det er veldig greitt. Det er fleire som ikkje drikk alkohol, og då er det fint at dette er eit arrangement der det er påbode å vere edru, slik at ingen kjenner seg utstøytte, seier Julie Tonning (17).

Fekk klar beskjed om reglane for festplassen

Før dåpen heldt Røde Kors appell, der Norvall Nøringset oppfordra russen til å førebygge vald i russetida. Bernard Øberg frå kommunen minte russen om reglane for bruk av festplassen, til dømes at det ikkje er lov å knuse glasflasker, tenne bål eller klatre i klatrestativet. Politiet var til stades og bad mellom anna russen spele festmusikken sin mot Hafstadflata, og ikkje mot sentrum.

GRATIS BOKSAR: Siv Berit Holme frå SMISO (Senter mot incest og seksuelle overgrep) delte ut boksarshorts med teksten «Eg tek ansvar», og gutane stilte seg i kø.

GRATIS BOKSAR: Siv Berit Holme frå SMISO (Senter mot incest og seksuelle overgrep) delte ut boksarshorts med teksten «Eg tek ansvar», og gutane stilte seg i kø. Foto:

Senter mot incest og seksuelle overgrep (SMISO) heldt også appell. Dei fortalde at dei årleg fekk inn jenter som har blitt utsette for overgrep i russetida. Etter å ha opplyst russen om problematikken, delte dei ut gratis boksarar til russegutane med skrifta «eg tek ansvar». Desse blei populære.

Ut å rulle

Planen for kvelden vidare hadde russen på plass:

– Vi skal ut og rulle med bilen, seier jentene.

Edru?

Det blir vel kanskje ein drope. Kanskje to, innrømmer dei.

RUSSEN: Etter å ha venta på sola, og nokre svært forseinka jenter, blei det tatt bilde av russen ved Mo og Øyrane vidaregåande skule.

RUSSEN: Etter å ha venta på sola, og nokre svært forseinka jenter, blei det tatt bilde av russen ved Mo og Øyrane vidaregåande skule. Foto:

Artikkeltags