Meld for promillekøyring ved Førde rådhus fredag kveld

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ein bilførar skal ha komme borti ein annan bil i området ved Førde rådhus fredag kveld.

– Han køyrde frå staden og vi hadde ikkje retning på han. Men patruljen nøsta, og klarte å komme i kontakt med mannen, seier operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt.

Tidlegare på kvelden fekk Firda tips om at uniformert politi undersøkte ein overvakingsvideo ved Best-stasjonen i Førde. Magnussen stadfestar at dette hadde samanheng med oppdraget, men kan elles ikkje kommentere etterforskinga.

Mannen i 40-åra er no mistenkt for promillekøyring og blir etterforska vidare.

– Han samtykka til at det vart tatt mellombels beslag i førarkort, seier Magnussen.

Sett bort frå dette, melder politiet om ein roleg 17. mai i Sogn og Fjordane.

Artikkeltags