Aggressiv mann pressa seg inn i bilen til politimann

Måtte få hjelp av patrulje til å få roa mannen.

DEL

Då polititenestemmanen var på veg heim frå lensmannskontoret i Førde, hoppa ein mann inn i hans private bil klokka 04 natt til laurdag.

– Han var veldig rusa og aggressiv, skreik og var vanskeleg å kontrollere og forstå, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest Politidistrikt.

Dette førte til at ein politipatrulje måtte rykke ut for å hjelpe polititenestemannen å få kontroll på den ubedne gjesten i bilen.

Måtte til legevakt

– Han blei køyrd på legevakta, kor han roa seg ned etter kvart.

Politiet brukte om lag ein time på å få kontroll på mannen, som vart køyrd heim.

– Han fekk pålegg om å halde seg heime, og å legge seg til å sove, seier Algrøy.

Det vart ikkje gjeve førelegg eller oppretta sak.

Artikkeltags