Gå til sidens hovedinnhold

Fredag var det kaos her

Artikkelen er over 3 år gammel

Gjennom fredagen har lysa i lyskrysset mellom handelshusa i Førde sentrum vore ute av drift. Prosjektleiar for drift- og vedlikehald i Fjordane hos Statens vegvesen, Lars Erik Karlsen, stadfestar at dette er eit problem som ikkje blir løyst før over helga. Difor må trafikantar som kjem i krysset mellom riksveg 5 og Storehagen vere klar over at lysa ikkje fungerer.

Til måndag

– Vi har akkurat hatt folk på plassen, men problemet kan vi ikkje løyse då vi manglar ein viktig styringsdel. Vi har hatt kontakt med leverandøren, og denne delen skal bli sendt med fly slik at vi skal ha den på måndag, seier Karlsen og håpar at trafikken ikkje vil hope seg for mykje opp.

– Når lysreguleringa ikkje fungerer, så gjeld den vanlege høgreregelen i trafikken. Og så må folk sjølvsagt vere observante med tanke på fotgjengarar, seier Karlsen. Dessutan er riksveg 5 forkjørsveg, og skilta som dette. Då er det dette som gjeld først.

Trafikken har i periodar gjennom fredagen vore kaotisk i området, og Firda har fått fleire meldingar på at trafikken har korka seg.

– Dette er sjølvsagt uheldig at slikt skjer, men det er ikkje noko vi kan få gjort noko med akkurat no. Men på måndag håpar vi at alt skal vere retta opp, seier Karlsen. 

Lang kø

Senterleiar Mariann Njøsen på Amfi stadfestar at trafikken har gått svært sakte gjennom krysset gjennom dagen.

– Det har vore veldig stor trafikk i dag i tillegg, og litt før 16.30 var det kø langt oppover Hafstadflata. Så det er tydeleg at utfordringane i lyskrysset forplantar seg, seier Njøsen.

Kommentarer til denne saken