Førde hotell må renovere delar av bygget sitt. Ber om fritak frå kulturminneplan

FØRDE: Førde hotell sitt eldste bygg er prega av lekkasjar, grunnvatn i kjellaren og eit gammalt kjøkken. Hotelldirektør Sindre Saue Årdal vil renovere, men fryktar at kulturminneplanen vil gjere dette vanskeleg.