Gå til sidens hovedinnhold

Steinras mellom Førde og Florø

Artikkelen er over 4 år gammel

FØRDE/FLORØ: Vegen er stengt på staden, og blir ikkje opna før laurdag. Det blir derimot sett opp båt mellom Florø og Villevika.

Vegtrafikksentralen Vest melder fredag kveld klokka 17.51 om eit ras ved Grov på rv. 5 mellom Førde og Florø.

Raset skal ha gått på vestsida for krysset til fv. 614 som går i retning Svelgen.

Vegen er stengt på staden, melder Vegtrafikksentralen.

– Vi hadde ein entreprenør på staden som dreiv å rydda eit anna ras som gjekk i området før på dagen. Då høyrde han eit nytt ras komme ned, eit ras som er det største av dei tre rasa som har gått der totalt i dag, seier Jan Erikstad, trafikkoperatør ved Vegmeldingssentralen til Statens vegvesen til Firda.

Entreprenør til staden laurdag – stengt gjennom natta

Han fortel at raset som no har gått i området er det største av dei tre. Det rasar framleis i området.

Han fortel at entreprenøren er på staden, men at vegen ikkje vil bli opna før i morgon tidleg Vegvesenet kan ikkje sende folk inn i området for å rydde før det blir dagslys.

– Det skal ein geolog for å sjå på staden, men det vil ikkje bli gjort laurdag morgon, når det er lysna, seier Erikstad.

Inga alternativ bilrute

Det betyr at vegen blir stengt gjennom kvelden og natta, og då er det inga alternativ rute mellom Førde og Florø.

– Det kan bli problematisk dersom mange frå Florø har vore på handel i Førde under Black Friday, seier Erikstad, som fortel at det allereie er store køar på staden.

– Kort tid etter raset byrja vi å få telefonar om kø, seier han.

Seinare melder politiet i Sogn og Fjordane at vegen vil bli stengt fram til 10.00 laurdag føremiddag.

Båt mellom Florø og Villevika

Klokka 19.30 melder Vegtrafikksentralen Vest at det blir sett opp båt mellom Florø og Villevika.

Avgangane blir klokka 20.00, 21.00, 22.00 og 23.00 frå Florø, og klokka 20.30, 21.30, 22.30 frå Villevika.

Båtane har derimot avgrensa kapasitet på bilar, mellom fem og seks stk, melder Vegtrafikksentralen.

Køane har løyst seg opp

Då Firda kontaktar Vegtrafikksentralen klokka 21.30 fredag kveld, fortel trafikkoperatør Jan Erikstad at entreprenøren på staden melder at køane på rv. 5 har løyst seg opp.

Dei har folk på rasstaden som gir informasjon til bilistar som kjem til staden.

Han har derimot ikkje fått noko meldingar på omfanget av raset.

– Har de fått meldingar på drifta av båttransporten mellom Florø og Villevika?

– Det har vi ikkje fått meldingar om, seier Erikstad.

Kommentarer til denne saken