Postkontoret stengt for godt. No står desse utan arbeid

SISTE ARBEIDSDAG: F.v. Arne Rørvik, Ingrid Eikerol Bareksten, Norunn Kvamme Erdal, Stein Erik Sevaldrud, Jorunn Eikås og Einar Gallefoss.

SISTE ARBEIDSDAG: F.v. Arne Rørvik, Ingrid Eikerol Bareksten, Norunn Kvamme Erdal, Stein Erik Sevaldrud, Jorunn Eikås og Einar Gallefoss. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Klokka 12 denne måndagen blei postkontoret i Førde historie.

DEL

– No er eg arbeidsledig og må ut og søke jobb.

Det seier Jorunn Eikås. Ho og dei andre tilsette på postkontoret i Førde har jobba sin siste dag. Klokka 12 denne måndagsføremiddagen stengde fylkets siste postkontor i det nordlege Amfi-bygget i Førde sentrum.

Les også:

Fylkets siste postkontor blir lagt ned

Fekk ein halvtime på å varsle familien

Her får dei post i butikk

Må ut på jobbjakt

Postkontoret hadde seks tilsette som no står utan arbeid. Fem av dei er fylt 62 år, og kan difor gå av med avtalefesta pensjon. Jorunn Eikås er 59 år gammal, og har jobba i Posten dei siste åra. No må ut på jobbjakt.

– Eg lever i håpet, men kor lett det blir å få jobb veit eg ikkje, seier ho.

– Ho er ei svært flink dame, det er berre å kontakte ho, oppfordrar dagleg leiar Stein-Erik Sevaldrud.

Blir crossfitsenter

Sevaldrud seier det er rart å stemple ut for siste gong etter 40 år i Posten. Men dei er komne over den verste tristheita.

– Det var veldig trist i fjor haust, då vi fekk vite det. Men no har vi komme over det, seier han.

No skal utstyret på postkontoret fjernast. Frå og med 1. juni blir det eit crossfitsenter drive av Puls-treningssenteret i same bygg.

Gitteret går ned.

Gitteret går ned. Foto:

Artikkeltags