Då Torun skulle hente posten, var den riven opp med kniv

STOLE: Då Torun Vindheim skulle hente posten sin onsdag, såg ho at nokon hadde kome henne i forkjøpet. Ein stor konvolutt var riven opp, pengar og gåvekort var stole.

STOLE: Då Torun Vindheim skulle hente posten sin onsdag, såg ho at nokon hadde kome henne i forkjøpet. Ein stor konvolutt var riven opp, pengar og gåvekort var stole. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Torun Vindheim frå Angedalen gjorde store auge då ho skulle hente posten sin onsdag.

DEL

– Det låg ein stor, avlang konvolutt i postkassa. Eg såg med ein gong at den var opna, seier Torun Vindheim.

Den store konvolutten inneheldt tre mindre konvoluttar med julekort, og alle var rivne opp. Innhaldet, som var gåvekort og pengar, var borte.

– Eg har problem med å forstå at nokon kan finne på å gjere dette, seier Vindheim.

Ho har snakka med postmannen som leverte posten denne dagen, han bekrefta til henne at breva var uopna då han la dei i postkassa.

– Det vil med andre ord seie at nokon har gått opp til postkassa mi og gjort dette, seier Vindheim.

RIVNE: Slik fann ho konvolutten. Julekorta låg att, men pengar og gåvekort var stole.

RIVNE: Slik fann ho konvolutten. Julekorta låg att, men pengar og gåvekort var stole. Foto:

Ver på vakt

Vindheim la ut bilete av konvolutten på Facebook og oppmoda folk om å hente posten sin kvar dag. Ho fekk mykje tilbakemeldingar og blei oppmoda om å melde det til politiet. Det har ho no gjort.

– Eg ville legge det ut for at folk skulle vere på vakt no når det ligg mykje post i postkassene. Eg har meldt det til politiet, men reknar ikkje med at det blir oppklara, seier Vindheim.

Postkassestativet er plassert slik at Vindheim ikkje ser det frå sin eigen heim, men det heng tett opp i nabohuset.

– Eg synest det er utruleg trasig at folk kan få seg til å gjere dette, seier ho.

JULEPOST: Dei har ikkje vore forsiktige med kniven då dei opna pakken. Julekorta var også rivne.

JULEPOST: Dei har ikkje vore forsiktige med kniven då dei opna pakken. Julekorta var også rivne. Foto:

Ikkje send brev med pengar i

Stine Mari Vårdal, etterforskingsleiar ved Førde og Naustdal lensmannskontor, ber folk om å ikkje sende pengar eller verdisaker med posten.

– Om ein må sende verdisaker per post, bør ein sende det i pakkar som skal hentast på postkontoret, seier Vårdal.

Så langt har ikkje politiet fått melding om fleire slike hendingar i området, men Vårdal kan ikkje garantere for at det ikkje har skjedd.

– Det kan vi ikkje utelukke, det kan vere fleire som ikkje melder dette til politiet.

– Kan ein gjere noko for å unngå at dette skjer?

– Det beste tipset mitt er å ikkje sende pengar i posten, men om dette hender med fleire, ber vi om at det blir meldt frå om. På denne måten kan vi få kartlagt at det er eit problem og vere meir på utkik etter gjerningspersonen, seier Vårdal.

Artikkeltags