Må ta vekk seks årsverk ved norsksenteret

KUTT: Førde norsksenter må ta ei kraftig nedbemanning. (Arkivfoto)

KUTT: Førde norsksenter må ta ei kraftig nedbemanning. (Arkivfoto)

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Nedlegginga av fem asylmottak i regionen har skapt store utfordringar for norsksenteret i Førde

DEL

Rådmann Ole John Østenstad opplyste på siste møtet i planutvalet at kommunen må nedbemanne med seks årsverk, og kanskje endå meir, frå august 2018.

– Førebels jobbar vi ut frå at inntektene går ned med 5,4 millionar kroner, sa han.

Kommunen har samtalar med kvar enkelt av dei det gjeld, og dei som ønsker det, får tilbod om jobb i ledige lærarstillingar på skulane. Det er no ein legg lærarkabalen for neste år.

– Det er ikkje slik tilsette blir sagt opp, men det er snakk om vesentlege endringar som gjer noko med det høge nivået vi har hatt på tilbodet, sa Østenstad.

Norskopplæringa omfattar også Jølster, Naustdal og Gaular og har vore sjølvfinansierande.

– Når fem asylmottak blir lagt ned, så forsvinn botnen ut av systemet, sa rådmannen.

Artikkeltags