Uroa for 15-åringar på fest med amfetamin og MDMA

BEKYMRA: Odd Helge Vågseth og lensmann Dag Fiske er uroa over å finne 15-åringar på fest der det blir selt amfetamin og MDMA.

BEKYMRA: Odd Helge Vågseth og lensmann Dag Fiske er uroa over å finne 15-åringar på fest der det blir selt amfetamin og MDMA. (Foto: )

FØRDE: Unge heilt ned i ungdomsskulealder var i helga på fest der det blei selt amfetamin og MDMA. – Når du er i eit miljø der mange brukar og sel, er terskelen for å prøve veldig låg, seier lensmann Dag Fiske.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Natt til søndag aksjonerte politiet på ei privat adresse i Førde, der dei fann hasj, amfetamin og tablettar med MDMA (verkestoffet i Ecstasy).

På festen var det 35–40 personar. Dei fleste var i 20-åra, men lensmann Dag Fiske fortel at tolv av deltakarane var i 15-16-årsalderen, av desse var sju jenter og fem gutar. Politiet ringde foreldra til desse, som deretter fekk ungdommane sine i hus.

– Om lag halvparten av dei mindreårige kjem frå nabokommunar i indre Sunnfjord, seier Fiske.

Kjøp og sal av tyngre stoff

Fiske fortel at politiet har følgt eit narkomiljø med innslag av amfetamin og MDMA sidan i fjor haust.

– Ecstasy har vore borte i mange år, men i haust dukka det opp att. Fleire blei arresterte for omsetnad i haust, seier Fiske.

Han seier at mange av deltakarane på festen laurdag hadde utspring i det same miljøet.

– Det ser ut som ein del av dette miljøet har flytta seg på nye adresser. Aksjonen vår i helga avdekker absolutt behovet for å følge med vidare og aksjonere, seier han.

At det var ungdommar i ungdomsskulealder på festen, syns Fiske er urovekkande.

– Det har alltid vore eit visst miljø for amfetamin blant eldre brukarar. Men kombinasjonen av så unge og så mange som var på den festen, er det ei utvikling politiet ikkje er glad i, seier han.

Sju av dei vaksne festdeltakarane, seks menn og ei kvinne i 20-åra, er tatt for bruk av amfetamin og MDMA, og blir bøtelagde. Dei har ifølge Fiske erkjent at det har gått føre seg kjøp og sal av stoffa her denne laurdagskvelden.

– For ein 15-åring ser vi at det er veldig kort veg til å få tak i desse stoffa, seier lensmannen.

<div id='outstreamvideo'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('outstreamvideo'); }); </script> </div>

Ifølge Fiske har omtrent alle dei som er tekne politisaker på seg frå før.

– Det er personar som har fått tilbod om oppfølging tidlegare, men som har takka nei. Ingen av dei fungerer i arbeids- eller skulesituasjon. Det kan fort skje med dei yngste om ein ikkje klarer å stoppe i tide. Difor er det så viktig å fange det opp tidleg, seier Fiske.

– Låg terskel

Han er uroa for dei unge som oppsøker miljøet.

– Dei aller fleste av dei mindreårige var rusa på alkohol. Når du er i eit miljø der mange brukar og sel, er terskelen for å prøve veldig låg. Når ein er sterkt rusa på alkohol blir ein meir ukritisk.

Ungdommar som oppsøker dette miljøet ofte er ungdommar som ikkje får innpass i andre miljø, meiner Fiske.

– Miljøet er inkluderande, på godt og vondt. Dei unge som oppsøker slike miljø er litt meir sårbare enn andre ungdommar, og dermed litt meir påverkelege.

Skal følge opp med bekymringssamtalar

15- og 16-åringane skal politiet følge opp med bekymringssamtalar med ungdommen og foreldra. Det opplyser overbetjent Odd Helge Vågseth som er førebyggande-koordinator i politiet.

– Målet er å prøve å hindre at ungdommane gjer seg skuldig i straffbare forhold. Etter kvart har vi eventuelt oppfølgingssamtalar, og kan kople inn skule, barnevern eller lag og organisasjonar. Målet er å pensle ungdommen inn på ei positiv utvikling, og fokusere på moglegheitene ungdommen har, seier Vågseth.

Per dags dato er 15 ungdommar i Førde i systemet med bekymringssamtalar. Lensmann Fiske kjem med ei oppfordring til foreldre:

– Det er ikkje alltid lett å ha kontroll på ungdommane til ei kvar tid, det veit vi. Men klokka 23 på laurdagskvelden, bør foreldre prøve å ha kontroll på kvar 15-åringen er, seier Fiske.

Veit du kvar ungdommen er, så veit du gjerne kven dei er med, påpeikar Vågseth.

– Lag avtalar om henting, ha god kontakt med ungdommen. Vi veit at det kan vere vanskeleg. Mange av desse ungdommane er meir i opposisjon mot foreldra enn andre, som gjer det ekstra vanskeleg, men det er foreldra som har hovudansvaret, understrekar han.

Ønsker seg utekontakt

Fiske og Vågseth peikar på at politiet stort sett er den instansen som er ute blant ungdommane på nattetid.

– Vi saknar ein utekontakt som er på deira arena. Viss det er rette personen, kan det fungere veldig bra, seier Fiske.

– Då har politiet nokon å spele ball med, og utekontakten kan prøve å fange opp aktuelle personar, slik at vi kan hjelpe dei å komme på rett spor, legg Vågseth til.

Les også: Åtte av ti drikk før dei er over 18 år

Artikkeltags