Gå til sidens hovedinnhold

Tredde bossekkar over lysreguleringa

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Politiet: - Vi sjekkar opp mot eventuelle overvakingskamera i området.

Midt i laurdagstrafikken vart plutseleg trafikkerande i lyskrysset mellom riksveg 5 og Angedalsvegen i Førde klar over at lysa ikkje fungerte som dei skulle. Og årsaka vart etter kvart ganske tydeleg. Nokon hadde nemleg tredd ein stor svart søppelsekk over nokre av lysa. Og ut frå måten sekken var hengt opp, så var det berre det gule lyset som var synleg i den eine retninga.

– Politiet i Førde har rykt ut og fjerna sekken. Dessutan jobbar dei no med å finne ut om det finst overvakingskamera i området som kan ha filma dette, seier Bengt Næss hos operasjonssentralen til politiet i Flora.

– Eg har så langt ikkje fått tilbakemelding på om dette finst. Men det håpar vi sjølvsagt, seier Næss om det som raskt skapte mykje merksemd både blant fotgjengarar og køyrande i laurdagstrafikken i Førde sentrum.

Lysmasta som vart dekka til står ved fotgjengarovergangen mellom Elvegården og Førde Amfi Nord, på vestsida av gangfeltet.

Rett etter at søppelsekken vart fjerna av politiet, kom også Mesta-tilsette til området og retta opp ei av lysmastene i fotgjengarfeltet. Denne var skeiv, men om dette har samanheng med søppelsekken, er uklart.

Kommentarer til denne saken