Tre personar sende bort frå Trøkk n' Truck i natt

DEL

Så langt politiet kan seie, har Trøkk n' Truck gått rimeleg roleg føre seg natt til laurdag.

I løpet av natta har tre personar fått beskjed av politiet om å forlate området, men det er ikkje oppretta sak mot nokon av desse. Med andre ord har dei teke beskjeden til følge utan vidare dramatikk.

I samband med arrangementet har politiet gjennomført ein trafikkontroll med promillekontroll. Det var 25 kontrollerte, ingen utslag på promille, men to fekk bot for feil bruk av lys.

Artikkeltags