Tre personar i trafikkuhell i Angedalsvegen

TRAFIKKUHELL: Tre personar sat i ein bil som hamna på taket i Angedalsvegen i Førde, 11. januar.

TRAFIKKUHELL: Tre personar sat i ein bil som hamna på taket i Angedalsvegen i Førde, 11. januar. Foto:

DEL

Vegtrafikksentralen melde laurdag kveld at det hadde skjedd ei trafikkulukke i Angedalsvegen i Førde. Ulukka vart meldt klokka 19.33.

Alle naudetatane rykte ut.

Det var ein bil med tre personar involvert. Bilen låg på taket, men dei involverte skal ha kome frå ulukka utan alvorlege skadar.

Dei vart likevel frakta til sjukehus, opplyste operasjonsleiar Morten Rebnord i 22-tida.

Kva som er årsaka til ulukka er førebels ikkje kjent. Personane i bilen er ikkje avhøyrde enno.

Like før klokka 21.00 melde Vest politidistrikt at bilen er fjerna og at det igjen er fri ferdsel på vegen.

Det vart først meldt at ulukka hadde skjedd ved Førdehuset, men det stemmer ikkje. Rett stad skal vere ved Ryggjabrua i Angedalen.

Artikkeltags