Trafikkontroll på skuleveg: Ein var rusa, ein annan hadde ikkje førarkort

FØRDE: Politiet har hatt kontroll ved Hornnesvegen.

DEL

Politiet hadde trafikkontroll onsdag morgon, i samband med at dette er skuleveg.

– Vi fekk tips førre veke om at det var ein del stygg køyring i Kyrkjevegen og Hornnesvegen, så derfor har vi hatt kontrollar denne veka, seier Trond Hatlenes, innsatsleiar og trafikkansvarleg.

Seks av tretti tekne

I Hornnesvegen kontrollerte dei 30 bilførarar.

Ein av sjåførane, ei eldre dame, vart politimeld for å køyre i rusa tilstand. Ein annan sjåfør hadde ikkje førarkort, og vert meld for dette. To fekk gebyr for ikkje å ha med førarkort under køyring.

I tillegg fekk to førarar på lettmotorsykkel mangellapp på grunn av bråkete eksosannlegg. Éin av dei fekk også tilsnakk for høg fart. 

Politiet fann altså manglar hos seks av tretti førarar.

– Dette er veldig nedslåande, og mykje meir enn vanleg, seier Hatlenes.

Varslar fleire kontrollar

– Vi kjem til å halde fram med å ha kontrollar i sentrum. Vi vil ha trygge skulevegar, seier Hatlestad.

Hatlestad seier politiet er avhengig av tips frå folk, og oppfordrar til å melde frå om område der politiet burde ha kontrollar.

– Vi prøver å reise ut dit folk melder ifrå.

Artikkeltags