Slåstkamp i Førde

Sprang då politiet kom til staden.

DEL

Klokka 0019 rykte politiet ut til meldingar om fem-seks personar som slåst i Storehagen i Førde. Det skal ha vore ampert og ein del skriking.

Då patruljen kom fram, sprang personane bort. Politiet veit ikkje kven dei var. Det er heller ikkje meldt om personskadar etter hendingar, og politiet har heller ikkje høyrt noko frå eventuelle fornærma. Politiet har avslutta saka.

Elles var det ei stille natt i Sogn og Fjordane. På Sandane stoppa politiet bilar for å gjennomføre promillekontroll mellom 2310 og 2400. Tretten vart kontrollerte, men ingen blåste raudt.

I halv eitt-tida stoppa ein politipatrulje i Lærdal ein bilførar som var på tur utan gyldig førarkort.

Artikkeltags