Slagsmål på Festplassen

Slagsmål, høg musikk og påkøyrt hjort prega natta til politiet i fylket.

DEL

Klokka 01.21 får på politiet melding om høglydt russ på Lindbøen i Førde.

– Russen fekk beskjed om å dempe seg, og etter det har ikkje vi høyr noko meir. Dei har gjort som dei har fått beskjed om, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt Bjarte Rebnord.

Klokka 02.19 kom patruljen, som var på festplassen i Førde, over eit slagsmål.

– Det var to menn, begge var ca. 20 år, som slost. Dei slutta då politiet kom og ingen stod fram som skada. Dei fekk pålegg om å halde seg vekke frå sentrum resten av natta, seier Rebnord.

Klokka 06.25 fekk politiet melding om ei påkøyring av ein hjort i Svelgen.

– Det er ikkje meldt om personskadar, men hjorten vart skadd. Viltkontakt er blitt kontakta, vi veit ikkje kva som har skjedd med hjorten, seier Rebnord, som legg til at det elles har vore ein roleg natt.

Artikkeltags