Port fall ned og trefte tilsett – 23-åring sendt til sjukehus

ARBEIDSULYKKE: Politiet er på plass ved Førde sementvare der det i dag tidleg var ei arbeidsulykke.

ARBEIDSULYKKE: Politiet er på plass ved Førde sementvare der det i dag tidleg var ei arbeidsulykke. Foto:

FØRDE: Kranbil kom bort i port. Porten datt ned og trefte tilsett.

DEL

Ein 23 år gammal mann ser sendt til sjukehus etter at han fekk ein port over seg ved Førde sementvare.

Politiet melder ein kranførar har køyrt ein kran med last. Lasta har komme bort i ein port, som har falle ned på den 23- år gamle mannen. Han skal ha fått skader i nasen, og i ein fot.

Politiet har vore på staden for å undersøke saka.

– Ein mannleg tilsett skal ha blitt skadd i ansiktet. Han skal vere bevisst etter ulykka, melde politiet like etter ulykka, som dei fekk melding om klokka 08.32. Både politi og ambulanse rykte ut til staden då ulykka vart meldt.

Arbeidstilsynet blir rutinemessig varsla.

Artikkeltags