Personbil stolen i Førde, funnen att i Jølstravatnet

BILEN ER FJERNA: Her har bergingsbilen fått bilen som stod i Jølstravatnet på plass på planet. Bilen skal undersøkast av krimteknikkarar over helga.

BILEN ER FJERNA: Her har bergingsbilen fått bilen som stod i Jølstravatnet på plass på planet. Bilen skal undersøkast av krimteknikkarar over helga. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

JØLSTER/FØRDE: Laurdag vart ein bil funnen «parkert» nokre meter ut i Jølstravatnet.

DEL

Politiet fekk i føremiddag melding om at ein personbil – anten seint i går kveld eller i løpet av natta – er stolen frå Gamle Vievegen i Førde.

– Bilen er funnen att delvis ute i Jølstravatnet ved Kjerringvika ved Kjøsnes. Meir veit vi ikkje per no, men ei patrulje vil bli sendt til staden, seier Frode Kolltveit som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Etter at politiet har vore på staden opplyser dei at bilen står i vatn opp til dørene på bilen. Bilbergar er bestilt, og er på veg til staden, melder politiet like før klokka 13.

Bilen vil bli undersøkt av kriminalteknikarar over helga.

Politiet legg til at airbagen i bilen ikkje er utløyst. Spor nedover mot vatnet tyder på at bilen har køyrt ein slags «kjerreveg» som går ned mot vatnet, og deretter halde fram ut i vatnet.

Artikkeltags