– Det var ein enkeltperson som truga i skriftform. Vi etterforska det ein heil dag, og arresterte vedkommande for å klargjere hendinga. Personen vart dimittert frå dagen etter, når at vi hadde fått avklart heile situasjonen.
Dette seier straffeansvarleg på Førde lensmannskontor, Knut Harald Hansen, om trugsmålsaka som politiet fekk inn førre veke. Truslane var retta mot ein tilsett i forvaltninga i Førde kommune, og to andre offentlege tilsette som ikkje jobbar på kommunehuset, fortel han.
– Nedskrivne på papir
Personen har ikkje sendt truslane direkte til dei som blei truga. Men dei var nedskrivne på papir, fortel Hansen.
– Det var personlege grunnar til at ting var nedteikna skriftleg, og det var ufrivillig at dette blei fanga opp, seier han.
– Korleis blei dei fanga opp?
– Truslane blei fanga opp av nære medarbeidarar av dei som vart truga, utan at eg vil gå nærmare inn på dette. Dei gjorde politiet merksam på situasjonen, og vi fann ut at vi måtte avklare det raskt, seier han.
– Alvorlege truslar
Når det gjeld innhaldet i truslane, er Hansen klar på at dei ikkje var uskuldige.
– Teksten inneheldt alvorlege truslar mot fleire namngitte personar, seier han.
Hansen kan ikkje seie noko konkret om kva slags straff vedkommande kan vente seg.
– Det er førebels ikkje avgjort korleis vi handterer det. Det blir ei påtaleavgjerdsle. Men det viktigaste var å få avklart og kasta lys over heile situasjonen så fort som mogleg, seier han.
Politioverbetjenten seier at politiet følger personen i det førebyggande sporet, og vil vurdere situasjonen fortløpande.
– Men dersom det hadde vore ein eskalerande faresituasjon, ville politiet truleg bede om fengsling, seier han.
– Kommunen har nulltoleranse
Rådmann Ole John Østenstad bekreftar at Førde kommune har politimeldt trugsmål mot tilsette.
– Vi har meldt episoden til politiet. Kommunen har nulltorelanse for dette, seier han.
Han vil ikkje kommentere saka ytterlegare, men kan seie at det ikkje er første gong dette skjer.
– Vi får ein del truslar. Vi aksepterer ikkje dette, avsluttar han.