Mann skal ha blitt slått med flaske i bakhovudet på Scandic i natt

Politiet melder om ei travel natt. I Førde gjekk det hardt for seg på Scandic Hotel.

DEL

– Det er ein som er slått i bakhovudet. Han skal vere slått med ei flaske, og har fått ei lita flenge i bakhovudet, seier Per Algerøy, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Halv to i natt fekk politiet melding om slagsmål ved Scandic Hotel. Fleire skal ha vore involverte. Mannen som fekk ei flenge i bakhovudet skal ha vore vaken og medviten, men vart køyrt til legevakta. I tillegg vart ei kvinne skadd i slagsmålet.

– Ho skal ha fått slått ut deler av ei tann, seier Algerøy.

Vitne gav sprikande forklaringar

Sjølve hendingsgangen er uklart og ingen er gripne av politiet.

– Politiet har vore på staden og gjort avhøyr av vitne, men det er litt forskjellige forklaringar. Det kan vere dei som var på staden har ei betre oppfatning om kva som er bakgrunnen enn det som kjem fram i loggen, men det blir ein del av etterforskinga å få fram kven som er skyld i dette, seier Algerøy.

Det var julebord på Scandic laurdag kveld, og hotellet hadde mange gjester til både middag. På Larris var det først show med Alex Rosén før DJ Helge tok over og spela utover natta.

Uroleg natt

Politiet har også meldt om bråk i Sogndal. Ved Meieriet har ein mannleg gjest slått til tre andre gjester. Det skal ikkje vere personskade. Mannen vart vist bort frå staden og politiet opprettar sak.

– Elles noko?

– Eg forstår at det ikkje har vore dei store tinga, men det har vore ei travel natt både her og der, seier Algerøy og leitar vidare gjennom loggen.

Klokka 0358 finn han endå ei hending i Førde. Denne gongen var det slagsmål utanfor Burger King. Her var det ingen skadde, og heller ingen som ønskte å melde noko. Det var politipatruljen sjølv som kom over slagsmålet. Partane vart sende kvart til sitt.

Artikkeltags