– Kan ikkje skulde alt på julebordet

Politiet melder om bråk og uro i Førde sentrum natt til søndag.

DEL

Dei fleste skikka seg bra etter ein samtale med politiet, men éin person måtte køyrast heim og kan vente ei bot frå påtalemakta.

Ein dyr tur på byen

– Det kan bli ein dyr på byen for vedkomande, seier Bjarte Rebnord, operasjonsleiar i Vest politidistrikt til Firda søndag morgon.

– Er det julebordsesongen som er i full gang?

– Julebordsesongen er i gang, men vi kan ikkje skulde alt på dei som er på julebord. Det på same måte som med russen. Det skjer ein god del i russetida, men det er ikkje russen som står bak alt, seier Rebnord.

I Førde og Bergen

– Når det er fleire folk ute i sentrum, så skjer det vanlegvis også meir. De fleste hendingar av denne typen skjer i sentrum der det er alkoholservering, seier politimannen.

Politiet melder om ei svært hektisk natt. I Bergen har dei rykt ut på oppdrag etter oppdrag. Tre personar vart sett i drukkenskapsarresten. Ytterlegare tre er sett i varetekt, og to av desse er sikta for vald mot politiet, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Artikkeltags