I dag vert det mykje blålys og sirener

Ikkje vert uroa om du ser mange politibilar med blålys og sirener i Førde måndag.

DEL

– I dag er det re-øving for å få lov til å køyre utrykkingskøyretøy i Førde, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt.

Han fortel at dei har fått ein del telefonar frå publikum som lurer på kva som skjer.

– Det er den same bilen som køyrer, og det er ikkje noko gale som har skjedd, seier Sætre.

Øvinga starta ifølge Sætre klokka 09 måndag, og vil vare til klokka 15.

Sjølv om det berre er ei øving, oppmodar operasjonsleiaren bilistane til å køyre som om det skulle vere ei vanleg politiutrykking:

– Bilistar må vike for politibilen og sleppe den fram, seier Sætre.

Artikkeltags