Tysdag vart prosjektet etablert og starta opp, under eit møte i Førde der heile spekteret av samarbeidspartnarar var til stades. Målet er å få Barnehuset i gang til ettersommaren, seier leiaren for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen. Sjølv er han ei av drivkreftene for å få realisert dette tilbodet, som vil gjere at born og unge som har blitt utsette for overgrep, skal sleppe å måtte transportrerast til Bergen for avhøyr.

I tida framover skal økonomien i prosjektet avklarast, og det skal takast endeleg avgjerd om kvar Barnehuset skal halde til i Førde. Johannessen seier at Barnehuset i Bergen, med si røynsle, vil ha ein sentral rolle i dette arbeidet, og at prosjektgruppa som skal settast ned må kunne jobbe med blanke ark.

Oppmøtet på tysdagens møte stadfesta engasjementet for å få tilbodet i gang. Der deltok utanom politiet representantar for både Barnehuset i Bergen, barnevernet, KS , tannhelsetenesta, kommunane, legemiljøet, Helse Førde, påtalejuristane, ordførarar og fylkesordføraren.

– Det er mange som ser behovet for Barnehuset. Møtet var ein god dokumentasjon på den kraftsamlinga som skjer for å få dette til. Eg tykkjer det er all grunn til å gi ros til det tverrpolitiske miljøet i Sogn og Fjordane for engasjementet dei har hatt i denne saka. No dreg vi dette vidare i fagsporet, seier Johannessen.