Full utrykking til ulykke i Førde

DEL

Politi, ambulanse og brannvesen har rykt ut til ei adresse i Førde, der ein person skal ha kome i klem mellom ein personbil og ein hengar.

Hendinga skal ha skjedd i samband med arbeid.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 13.35 måndag.

– Naudetatane har fått mannen laus og ein jobbar no med livreddande førstehjelp, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt like etter klokka 14.00.

Det vart først meldt at mannen var i klem mellom ein hengar og ein traktor, men klokka 14.20 melde politiet at det er snakk om ein personbil og ein hengar.

Saka vert oppdatert.

Artikkeltags