Frigjer namn på omkomen

Det var Reidar Bruket som omkom i Angedalen 23. desember 2019.

DEL

Politiet opplyser at det var 84-åringen Reidar Bruket som vart funnen død i Angedalen 23. desember 2019.

Bruket vart funnen livlaus mellom ein bil og ein tilhengar i Angedalen i Førde klokka 13.37 veslejulaftan. Det vart forsøkt hjarte- og lungeredning, men kl. 14.04 vart mannen erklært død av lege på staden.

Klemskadar

No er obduksjonsrapporten klar.

– Han døde som følge av klemskade i brystet, opplyser Stine-Mari Vårdal ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Det var ifølge innsatsleiar Synnøve Domben i politiet ingen vitne til den tragiske hendinga.

Namnet vert frigjeve i samråd med dei pårørande.

Artikkeltags