Nordmenn har aldri før drukke meir øl

En halvliter pils i solen smakte godt for mange i juni.

En halvliter pils i solen smakte godt for mange i juni. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Det fine vêret får nordmenn til å drikke meir øl. Samstundes er Norge eit føregangsland når det kjem til sukkerfri brus.

DEL

(Nettavisen) – Ølsalet er «all time high». Førre rekord blei sett i 2016, seier Petter Nome, direktør for Bryggeri- og drikkevareforeininga, til Nettavisen.

Ølsalet gjekk opp drygt tre prosent i første halvår av 2016. I juni gjekk salet opp litt over éin prosent, ifølge Nome.

– Det er særleg dei siste månadene som har dratt opp salet, fortset han.

Les også: Gabriel og Espen har brygga øl på super-alge

Trass rekordhøgt ølsal er det mange nordmenn som har kasta seg på vassvogna. Så langt i år har salet av flaskevatn gått opp 18 prosent samanlikna med første halvår i 2017. Også det er ny rekord. Berre i juni går flaskevatnsalet opp med 34 prosent samanlikna med juni i fjor.

– Det er ny rekord for ein enkeltmånad, seier Nome.

Men det er ikkje berre munter lesing i tala frå Bryggeri- og drikkevareforeininga. Den tradisjonelle sukkerbrusen slit. I juni fall omsetnaden med fire prosent samanlikna med same periode i fjor.

– Det kan ikkje finnast noko anna forklaring enn aukande grensehandel, sjølv om det er vanskeleg å finne tal frå svensk side som dokumenterer det. Det er nemleg ingen systematisk kartlegging av tal frå grensebutikkane, seier Nome.

Les også: Dette seier dei om utepils-livet: – Førde manglar ei Aker Brygge

Omsetnaden av sukkerfri brus fell også, men ikkje like mykje. Dermed står brus utan sukker no for 51 prosent av det totale brussalet. Det er unikt, skal vi tru Nome.

– Det er vi det første landet i verda som kan vise til. Det er nokre land som og reknar inn vatn, men det gjer ikkje Norge, seier han.

Første halvår går brus med sukker ned åtte prosent, medan sukkerfri går ned litt over éin prosent.

Kategorien cider går veldig opp. Det same gjeld for energidrikk. Sistnemnde har ein vekst på 12 prosent første halvår, og hele 24 prosent berre i juni.

– Energidrikk har hatt ein kraftig vekst lenge, men 24 prosent er veldig mykje, seier Nome, og noterer med det nok ein rekord. (ANB)

Omsetningstall 2018

  • Øl: Juni: + 1,2 prosent
  • 1. halvår 2018: + 3,1 prosent
  • Hvorav alkoholfritt: + 27 prosent i juni, + 16 prosent første halvår
  • Cider: Juni: + 19,4 prosent
  • 1. halvår 2018: + 9,1 prosent
  • Brus: Juni: - 3,9 prosent
  • 1. halvår 2018 - 4,5 prosent
  • Andel uten tilsatt sukker 1. halvår: 51,1 prosent
  • Vann: Juni: + 33,8 prosent
  • 1. halvår 2018: + 17,8 prosent
  • Energidrikker: Juni: + 24,0 prosent
  • 1. halvår 2018: + 11,6 prosent
  • Hvorav sukkerfritt: + 79,0 prosent i juni, + 44,8 prosent første halvår (utgjør nå 11 prosent av volumet)

Tallene for cider, brus, vann og energidrikker er endelige, mens øl er en prognose basert på ca 98 prosent av innrapportert volum. Det kan med andre ord bli en endring på maks 0,1 prosent.

Artikkeltags