Auka statsstøtte til nynorsksenter

FORNØGD: Dagleg leiar Ivar Longvastøl i Nynorsk avissenter er glad opplæringa av nynorskjournalistar held fram på ein god måte også i 2018.

FORNØGD: Dagleg leiar Ivar Longvastøl i Nynorsk avissenter er glad opplæringa av nynorskjournalistar held fram på ein god måte også i 2018. Foto:

FØRDE: Nynorsk avissenter i Førde får fornya støtte til å lære opp nynorskskrivande journalistar.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Vi er glade og fornøgde med framlegget. Det betyr at vi er sikra god drift i 2018, seier Ivar Myklebust Longvastøl, dagleg leiar i Stiftinga Nynorsk avissenter.

Frå fire til fem praktikantar

I dagens framlegg til statsbudsjett får Stiftinga Nynorsk avissenter 2,835 millionar kronar i støtte frå Kulturdepartementet. Det er 61.000 kroner meir enn i fjor.

Longvastøl er nøgd med tildelinga, sjølv om auka sannsynlegvis berre er ein rein indeksjustering.

I 2017 fekk avissenteret, som skal styrke nynorsken ved å utdanne nynorskjournalistar, auka støtta med ein halv million. Dette blei brukt til å opprette ein ekstra praktikantplass, samt tilsette ein faglærar i halv stilling.

– Tilsettinga av faglærar styrka den språklege delen av opplæringa. Det har gitt mykje til praktikantprogrammet, seier Longvastøl.

Ønskte meir

I utgangspunktet søkte avissenteret om ei ytterlegare auke på 350.000 kroner i år, for å tilsette ein faglærar på heiltid. Det blei ikkje innvilga i framlegget av statsbudsjettet. Longvastøl er likevel glad regjeringa vil satse på avissenteret som språkpolitisk verktøy.

– Dei vil styrke nynorsken som bruksspråk, og då meiner dei at flinke nynorskjournalistar er eit godt tiltak, seier han.

Artikkeltags