P3-Ronny: – Det vanskelegaste valet i livet mitt

ÆRLEG: Ronny Brede Aase har fått grå stær på venstre auge. Frå før er han blind på høgre auge. Bildet er frå P3 Gull. Til venstre kollega Silje Nordnes. I bakgrunnen Live Nelvik og Leo Ajkic.

ÆRLEG: Ronny Brede Aase har fått grå stær på venstre auge. Frå før er han blind på høgre auge. Bildet er frå P3 Gull. Til venstre kollega Silje Nordnes. I bakgrunnen Live Nelvik og Leo Ajkic. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE. Den populære radioverten har fått grå stær på venstre auge. Om han vel å operere kan han risikere å bli blind.

DEL

I torsdagens sending av P3morgen fortalde Ronny Brede Aase om eit personleg dilemma på direktesendt radio.

– Eg var på sjukehuset i går. Eg ser jo dårleg, det er jo ikkje noko nytt. Men dei siste to til tre åra har eg følt at eg har begynt å sjå litt dårlegare enn det eg har gjort.

Det var TV2 som først omtalte saka.

– Eit vanskeleg val

Dagen før hadde han vore på Ullevaal og fått konstatert grå stær på venstre auge. Frå før er han blind på høgre auge, og om han vel å operere det venstre auget, kan det føre til at han mistar synet der også.

– Overlegen sa at grå stær kan fjernast på eit kvarter med operasjon, men med tanke på sjukdomshistoria min kan ikkje legen garantere at det blir vellykka. Samtidig er det ein sjanse for at det kan gå bra. Då vil eg truleg få tilbake synet som eg hadde for sju år sidan.

– Dette er det vanskelegaste valet i livet mitt så langt, fortalde ein open Brede Aase.

– Det høgre auget mitt er allereie «fucka». Når ein tidlegare har prøvd å gjere noko med det har det reagert med å bli verre. Ettersom ein ikkje kjenner heile sjukdomshistorikken min, ville ikkje legen anbefale verken det eine eller det andre.

Innan to månadar må han bestemme seg for om han ønsker å operere.

– Skal eg fortsette å sjå slik som eg gjer no resten av livet og drøyme om synet eg ein gong hadde, eller skal eg ta sjansen på ein operasjon der eg kan ende opp med å ikkje sjå noko som helst? Eg har ingen føresetnadar for å kunne svare på det, sa han.

Har fått tips frå lyttarar

Den grå stæra ikkje vil utvikle seg noko meir enn no, men den er allereie ein hemsko i kvardagen for programleiaren. Han har vanskeleg å tyde skilt og har til tider problem med å kjenne att folk. Det synest han er ubehageleg.

– Tenk så annleis livet mitt vil bli viss eg ikkje kan sjå noko som helst. Tenk på alt eg blir frårøva ved å ikkje kunne sjå, sa Brede Aase under programmet.

Til Firda fortel den populære morgonverten at han synest det var naturleg å fortelje om dilemmaet sitt på radio.

– Det er viktig å prate om personlege ting også – ikkje berre tull og tøys. Det følast også veldig fint å kunne dele det i den sfæren som P3-morgon er. Dette er ein del av kvardagen min, og eg synest det er fint å kunne dele store og små ting frå livet mitt, seier han.

I etterkant har han også fått mange tilbakemeldingar frå lyttarane.

– Det er fleire som har meint at det var fint og hyggeleg at eg valde å fortelje om det. Eg har også fått mange tips om kva ein bør legge vekt på når ein skal ta ei slik avgjersle, seier han.

Artikkeltags