Slo rundt seg på utestad

Politiet rykte ut til to slåstkampar i natt.

DEL

Rett etter klokka 02 natt til laurdag fekk politiet melding om at fire–fem personar var involverte i eit slagsmål i Storehagen i Førde, midt i sentrum.

Då politiet kom fram, var det roleg på staden, opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Om lag samstundes fekk politiet i Nordfjord to meldingar om at ein mann i 20-åra slo rundt seg på ein utestad i Måløy, og at dette også gjekk ut over personalet der.

– Ein patrulje rykte ut og fekk raskt kontroll. Den mistenkte var godt rusa. Han vart pågripen og seinare dimittert ved bustaden sin, seier Knappen.

Hendinga er meldt og saka vert følgt opp.

Artikkeltags