Vi netthandlar for 2000 kroner kvar månad: Fryktar butikkdød

HANDEL: Ingrid Endestad er oppteken av å støtte lokalbutikkane framfor å handle på nett.

HANDEL: Ingrid Endestad er oppteken av å støtte lokalbutikkane framfor å handle på nett. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: – Nei, kjære vene. Er det sant? Eg synest det er viktig å støtte opp om lokale butikkar, men viss dette held fram kan vi jo ende opp utan ein einaste butikk.

DEL

Det seier Ingrid Endestad. Laurdag var ho på handling i Førde, men statistikken viser at fleire og fleire vel å handle frå sofakroken.

PostNord sin årlege rapport «Netthandel i Norden» viser at nordmenn er blant dei ivrigaste netthandlarane.

– Må bli betre på pris

I 2017 handla kvar nordmann for 2048 kroner i gjennomsnitt kvar månad, og totalt brukte forbrukarane i dei nordiske landa 202,8 milliardar norske kroner på netthandel i fjor.

– Eg handlar ikkje så mykje på nett. Viss eg handlar noko er det som oftast treningsklede. Eg likar helst å handle kleda mine i butikk slik at eg kan få prøve dei først, seier Endestad.

Ho trur tidsklemma er noko av grunnen til at fleire og fleire handlar på nett.

– Mange familiar har det travelt, og då forstår eg at det er enklare med netthandel. Dessutan er ofte varene billigare på nett. For å hindre konkurs må butikkane blir flinkare til å konkurrere på pris og ha betre tilbod, trur eg.

HELST I BUTIKK: – Eg synest det er gøy å sjå i butikkane, og så likar eg å prøve ting før eg kjøper dei, seier Kristine Nedreberg.

HELST I BUTIKK: – Eg synest det er gøy å sjå i butikkane, og så likar eg å prøve ting før eg kjøper dei, seier Kristine Nedreberg. Foto:

Dei mest populære varene nordmenn handlar er klede og sko, heimeelektronikk, medieprodukt, skjønnheit og helse samt sport og fritid. Handel av daglegvarer på nett er også veksande.

Kristine Nedreberg (16) vel å handle kleda sine på nett, fordi utvalet er der er betre. Men ho prøver å handle det meste i butikk for å støtte næringslivet lokalt.

– Eg synest det er gøy å sjå i butikkane, og så likar eg å prøve ting før eg kjøper dei, seier Nedreberg.  

– Kundeservice er viktig

– Eg støttar lokalt næringsliv. Eg er kanskje litt gammaldags der, men det er noko eg er oppteken av, seier Roy Arve Hetle (29).

Heller ikkje Helene L. Hereid (25) eller Joachim T. Sunde (30) handlar mykje på nett. Dei ser at auka netthandel kan vere ein trussel for handelsstanden i Førde.

– Eg veit at folk går i butikken for å prøve, og så kjøper dei på nett etterpå. Det gjeld gjerne sportsutstyr, seier Sunde.

Dei forstår at folk vil handle på nett, at det kan vere både praktisk og billigare. Dei trur at ikkje alle tenker over kva det kan ha å seie for butikkane i nærområdet. Men sjølv synest dei det er best å gå fysisk i butikkar, der dei kan få god kundeservice.

– Eg kjøper berre ting på nett som ein ikkje får tak i her i Førde. I det siste har det vore babyting, men eg likar best å gå i butikken, sjå skikkeleg på ting og snakke med dei som har ekspertisen, seier Hereid (25).

Helene L. Hereid, Joachim T. Sunde, Roy Arve Hetle

Helene L. Hereid, Joachim T. Sunde, Roy Arve Hetle Foto:

Måndag er det debatt om temaet på Førde bibliotek. Der skal dagleg leiar på Elvetorget, Anne Karin Steen, ha eit innlegg.

– Netthandel er ein del av kvardagen til folk. Dette er ei utvikling som vil vere med å påverke framtida til butikkane, og det er ein viktig diskusjon å ta, seier Steen.

Ho synest ikkje tala frå rapporten til PostNord er oppsiktsvekkande. Ho er meir oppteken av at folk er bevisste på valet dei gjer.

– Vi vel det som er best for oss sjølve. Det er slik vi er skapt. Eg trur folk flest ønskjer å støtte lokalbutikkane, sjølv om det ikkje alltid samsvarar med handlinga. Så er det butikkane si oppgåve å vere rågode på alt ein ikkje får på nett, seier Steen.

Artikkeltags