Vinterferieveka blir mild, våt og grå – men helga ser meir lovande ut

VÅTT: Meteorologen melder ein våt og mild vinterferie.

VÅTT: Meteorologen melder ein våt og mild vinterferie. Foto:

Vi kan vente oss ei varmare veke enn normalt, men regnet slepp vi ikkje unna.

DEL

Om du har vinterferie og ønskjer deg sol og blå himmel, blir du nok skuffa over beskjeden frå Isak Slettebø, meteorolog i StormGeo.

– Det ligg eit ganske kraftig høgtrykk over Europa som dei neste ti dagane sender fuktig og mild luft til Norge. Heile landet går inn i ein lengre mildvêrsperioden no.

Det gir plussgrader over heile Sogn og Fjordane og jamt over vil temperaturane ligg kring fem grader. Men til helga blir det varmare. I Naustdal og Førde til dømes kan dei vente seg høvesvis ni og åtte grader.

– Er det varmare enn normalt for årstida?

– Det er nok tre-fire grader mildare enn venta for årstida, men det er heller ikkje uvanleg med plussgrader i februar, seier Slettebø.

I løpet av veka er det venta om lag 15–20 mm nedbør.

– Det er ikkje så gale. Men til helga ser det betre ut. Då kan vi vente oss til dels pent vêr, seier Slettebø.

Men i neste veke får vi ei ny runde med nedbør, seier meteorologen.

Artikkeltags