– Vi retta kontrollen mot ungdom og russ

Det var gjennomført trafikkontroll på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal søndag ettermiddag og kveld.

Det var gjennomført trafikkontroll på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal søndag ettermiddag og kveld. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Sjekka over 500 bilar på riksveg 5.

DEL

Statens vegvesen hadde kontroll på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal søndag kveld, og ifølge Arild Bruflot så hadde dei hovudfokus mot dei unge trafikantane.

– Ja, i dag har vi hovudfokus på ungdom og russ. Ikkje minst fordi det skal vere eit stort russetreff på Sanden i Naustdal, og vi reknar med at det blir ein del trafikk i samband med det, sa Bruflot då Firda var innom kontrollposten ved avkøyringa til Hesjedalen i 18-tida.

Reaksjonar

– Vi har totalt kontrollert over 500 bilar i løpet av kontrollen, og det mest gledelege er at i dag vart det ingen bilbelte-gebyr. Ikkje minst er det flott å sjå at russen har vore veldig flinke til å bruke belte i bilane sine, seier Arild Bruflot etter kontrollen.

Dei fem tilsette ved Statens vegvesen hadde totalt 25 russebilar inne til kontrollen, og alle fekk til slutt køyre vidare til russetreffet på Sanden i Naustdal.

– Det var vel ein av bilane som ikkje hadde riktig feste for bilbelte og difor ikkje fekk lov til å bruke det setet. Elles var det litt feil på nokre elektriske anlegg, først og fremst fordi lydanlegga ikkje var gjort fagmessig. Desse bilane må framstillast for etterkontroll, seier Bruflot til Firda då kontrollen var avslutta i 21-tida.

– Positivt innstilt

I tillegg til desse reaksjonane mot russebilane, så vart eit par personbilar stoppa då dei hadde ulovleg folie på frontruta.

– Desse bilane må framstillast på nytt til kontroll. Då må dei eventuelt kunne dokumentere bruken av folie, eller så må den fjernast, seier Bruflot.

I samband med kontrollen vart også eit par motorsyklar stoppa.

– Ein hadde for mykje støy og det var ein som hadde utslite dekk. Dessutan var det manglar på både spegel og støytdempar, og ein hadde feil montert kjennemerke på sykkelen sin, seier Bruflot og nyttar høve samstundes til å rose russen etter kontrollen.

– Utruleg kjekt å oppleve så mykje positivt innstilt russ under ein kontroll. Tydeleg at stemninga var god føre festen i Naustdal, ler Bruflot.

Forutan Bruflot vart kontrollen gjennomført med totalt fem tilsette frå Statens vegvesen, Førde. Det var Mona Iren Lid, Johan Ospehaug, Wenche Lammetun og Eirik Berg.

Artikkeltags